Feste Trafikkskole er på plass i nytt lokale
– Det er heilt fantastisk, som å flytta heim
Køyreskulen er på plass i nytt lokale. Sjølv om dei informerer så godt som dei kan, er det ikkje alle som har fått flyttinga med seg.
– Her er den finaste utsikta i bygda. Du skulle sett soloppgangen i går, seier Øyvind Feste entusiastisk, medan han ser utover Knarvik og ned mot fjorden og fjella.
Feste trafikkskole flytta i midten av januar inn mellom politistasjonen og butikkane i Amfi Knarvik. Etter ti år oppe i den gamle barnehagen bak senteret er dei herre i eige hus. For det er nemleg bedrifta som eig bygget dei no heldt til.
– Det er heilt fantastisk, som å flytta heim, seier Feste.
Har vore mykje arbeid
Andre etasjen i bygget, over Alver optikk, har mellom anna husa frisør. Før køyreskulen skulle flytta inn, var planen å renovera og bygga om heile etasjen. Det har teke litt tid.
– Eigentleg håpa me å ha alt klart 1. januar. Det var litt ambisiøst. Det vart meir arbeid her enn me trudde.
Heile etasjen er endra. Det er bygd nytt kjøken og nye toalett. For å halda kostnadane nede har dei gjort ein del arbeid sjølv.
– Me tenkte det nett berre var å måla veggen og skru litt kjøken. Men så skal du kasta og sortera bosset og prøva å halda det ryddig her undervegs, seier Beathe Andersen og skildrar korleis det heile tida har vore ting som må ordnast.
Målinga av panelet i taket var ein av tinga som berre slukte tid. Kost og skaft vart kjøpt inn.
– Etter to gongar over var det framleis heilagdagar. Då ringde me målar. Me dekte veggane og så spraya han taket med måling, fortel dei.
Andersen jobbar på kontoret. Ho har fått nye omgjevnadar og hatt ansvar for korleis det heile skulle sjå ut. Feste rosar ho som designar.
– Sjå lampen her over kontoret, det er ikkje tilfeldig. Den er heilt i stil med den som er ute i gangen, seier han.
Planlegg opningsfest
Nokre få ting står att innvendig, som å få på plass ei skyvedør, slik at klasseromsdelen er for seg sjølv. Men allereie har dei hatt fulle kurs. Både med lastesikring for bil med tilhengar, trafikale grunnkurs og mørkekøyring.
Dessutan vert lokalet brukt til litt møter. MC-ramnane i Nordhordland og NAF er to aktørar som i alle år har brukt lokalet til køyreskulen.
Det er ikkje så veldig mange steg å spasera frå den eine kanten av senteret til den andre, men det å bytta lokasjon gjev nokre utfordringar. Som å få ungdommane til å få med seg kvar ein er.
– Eg sender tekstmelding til alle «obs obs, ny adresse». Men når me startar kurset står nokon der oppe med barnehagen og har kanskje ikkje opna meldinga i det heile teke. Og då me skulle ha mørkekøyring fekk eg fleire telefonar, seier Andersen.
Det går seg nok til etter kvart, og etter kvart vert det nok endå litt meir oppgraderingar av bygget.
– Eg vil få pussa fasaden bak mot senteret og på sikt skifta heile taket. Me får i alle fall utgiftene til å strekka til, seier Feste lattermildt.
Flyttinga vart såpass hektisk at dei har ikkje hatt tid til å spikra opningsfest enno. Feiring med bollar og ballongar, kaffi og kake får komma litt på sikt. Då skal dei verkeleg markera at dei har komme «heim».