Feste Trafikkskole flyttar inn i eige hus
Feste trafikkskole lærer opp ferske sjåførar, men vil òg gjera godt vaksne tryggare. No pussar dei opp eit nytt lokale. Der vil ei gåve med ei rørande historie få ein svært synleg plass.
– Du må laga ballongboge.
– Ja, om eg skal det!
Øyvind Feste, dagleg leiar i Feste trafikkskole og Beathe Andersen som jobbar på kontoret, snakkar om det nye lokalet køyreskulen skal inn i. Og korleis dei vil feira det.
For tre-fire år sidan kjøpte dei eit bygg i Knarvik ved senteret, med tanke om å halda hus der. Alver optikk leiger første etasje og Stussn Hårstudio har drive i andre etasje.
– Frisøren ringde då me kjøpte og spurde om me hadde ledige lokale akkurat då. Så då leigde me ut.
Feste fortel at dei har trivest så godt i den gamle barnehagen i Knarvik, som Misjonsselskapet eig. Difor har dei ikkje hatt noko hast med å flytta på seg. No i sommar avslutta derimot frisøren og lokala vart ledige.
– Kva gjer me no? Me flyttar i eigne lokale. Me har lyst til å vera i vårt eige hus. Å «komma heim».
Dei er i full gang med oppussing og forhåpentlegvis kan dei ha opningsfest i byrjinga av januar. Då får dei eit dobbelt så stort lokale.
Hjå Feste trafikkskole jobbar det seks køyrelærarar. Dei er stort sett på farten, og tek med seg bilane heim når dagen er slutt.
Når ein har hatt ein køyretime, skriv lærarane rapportar, slik at elev og foreldre veit kva ein har vore gjennom og kva dei skal neste gong. Dette gjer at mengdetreninga heime vert meir effektiv. Dessutan har dei mange opplæringsfilmar ein kan sjå i lag heime.
Mengdetrening er viktig for å kunna køyra bil, men Feste har sett fleire eksempel der ein gjerne ikkje øver så godt som ein trur.
– Eg har høyrd: «Eg øver på rundkøyringar. Eg køyrer den nye vegen på Radøy». Men då køyrer ein berre fram og tilbake der og gjennom to rundkøyringar. Ja, du har køyrd i ei rundkøyring, men du treng allsidig trening.
Feste fortel at då han køyrde opp i 1985 var det nærmast sånn at så lenge han heldt seg på asfalten så var det greitt. No er trafikkbildet noko heilt anna.
– Ein må gjera det smidig for kvarandre og samarbeide godt i trafikken. Det hjelper ikkje kor riktig du køyrer, om han attmed gjer feil. Ein må ta høgde for at andre gjer feil. Det er kjempeviktig!
Dei fleste som kjem inn dørene til Feste er tenåringar og unge vaksne som vil ta sertifikatet. Men dei har og ein del å gjera med dei som har hatt sertifikatet i mange år.
Til dømes køyrevurderingar der helsevesenet ber han vurdera korleis ein person køyrer bil. Han ser mange eldre i trafikken, og nokre av dei er usikre på trafikkbildet. Det skapar farlege situasjonar.
– Eg trur at ein med ganske enkle grep kan gjera det litt tryggare i trafikken for alle, seier han.
– Me vil ufarleggjera det å komma og be om tips og triks. Rundkøyringar kan vera skremmande. Nokon ser berre rett fram, køyrer inn og håpar på det beste, legg Andersen til.
Ho fortel at nokon kan vera redde for at trafikkskulen skal ta frå dei førarkortet, men det har dei ingen myndigheit til.
Ei dame på kring 80 år kom nyleg innom køyreskulen. Ho hadde vunne gåvekort på køyretime på ein basar.
– Ho syntest det var ein god idé å bruka det sjølv, men ville ikkje køyra. Ho hadde vore på Vegvesenet sitt 65 pluss-kurs med teori, men fekk ikkje med seg alt. Ho ville bruka tida til å spørja om rundkøyringane her i området, fortel han.
– Det var aldeles rørande. Når ho gjekk ut her sa ho «No har eg forstått det!».
Feste har planar om at køyreskulen kan gjera meir for dei eldre. Fordi han veit at denne dama ikkje er unik. Nokre sit att med spørsmål etter eit slikt kurs, der det er så mykje informasjon og spørsmål at dei slit med å ta inn alt. Køyreskulen jobbar difor med eit utfyllande tilbod til eldre som er usikre på trafikkbildet.
– Her utdannar me ikkje berre sjåførar, men heile mennesket, seier Feste og viser eit bilde som heng på veggen i den gamle barnehagen.
– Det gjorde noko med meg då eg såg det. Han på 3. plass har kanskje aldri vore på pallen før og er mest glad. Det gav meg så mykje.
Han såg motivet først på ein husvegg på Nordnes i Bergen. Ei køyrerute han jamt tok med elevar. Kvar gong kika han på bildet.
Nokre veker etter at han oppdaga det, ringde ei kvinne og sa kjærasten ville ha sertifikatet. Han var vaksen, men hadde ikkje lappen.
– Me køyrde ut til Nordnes og eg sa: «Du må sjå denne teikninga.» Så sa han: «Det er eg som har laga det.» Eg kjende berre håra på armane reiste seg. Og to dagar etter vart det malt over.
Feste spurde om han kunne få eit slikt bilde, signert «Leffe» når han bestod.
– Me har det einaste eksemplaret. For meg betyr det mykje. Eg håpar det kan gjera noko for ungdommane og. Det skal verkeleg få ein fin og synleg plass i det nye lokalet.