Fleire og fleire køyrer opp med automatgir.
Trafikkskulane i Knarvik er ikkje i tvil om at automatgir har blitt meir populært. Likevel dominerer framleis manuellgir på nordhordlandssida av brua.
Statens vegvesen melder om rekordmange oppkøyringar med automatgir på landsbasis. I juni i år valte heile 51 prosent av alle oppkøyringskandidatane til førarkort klasse B å køyre opp med automatgir.
Til samanlikning var det i 2017 berre 13 prosent som valte automatgir, opplyser fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Heidi-Kristin Herbst.
Automatgir er framleis meir utbreidd i byane, men no er det altså fleire i distrikta som vel vekk det tradisjonelle giret. Det kan dagleg leiar ved Feste Trafikkskole, Øyvind Feste, bekrefte.
– Vi merkar heilt klart ein auke på automat, seier han til NH.
Fleire elbilar.
I likskap med Statens vegvesen, forklarar han trenden med at fleire og fleire skaffar seg elbil i dag.
Han trur dei dyre drivstoffprisane er ein viktig grunn til at folk vel elbil og dermed automatgir.
– Ein snakkar jo også om at det er meir miljøvenleg, men der stridast dei lærde om kva som eigentleg er meir miljøvenleg totalt sett. Eg trur folk tenkjer meir på lommeboka enn miljøet.
På trafikkskulen i Knarvik har dei fem dieselbilar, der éin av dei har automatgir. Frå før av har dei tre elbilar, og ytterlegare tre elbilar er bestilt.
– Vi satsar meir på elbil og automat, men vi kjem til å køyre manuell i lang tid framover, forsikrar Feste.
For sjølv om fleire vel å køyre opp med automatgir, er det framleis manuellgir som er dominerande hos køyreskulen i Knarvik.
– Anbefaler det dei har mest behov for
Feste Trafikkskole har avdeling både i Knarvik og i Åsane.
Så langt i år har dei hatt 217 oppkøyringar i førarkort klasse B i Knarvik. Omtrent 90 av dei med automatgir, som utgjer 41 prosent.
– Hos oss i Nordhordland er det framleis mange som sver til manuellgir. På bysida merkar vi at det er endå fleire som vel automat.
Feste har køyrt sjølv i rundt i 35 år; både bil, buss, lastebil og det meste som kan rulle. Personleg føretrekker han å køyre med automatgir.
– Vil du anbefale å køyre opp med automatgir framfor manuellgir?
– Nei, eg anbefaler at elevane vel det dei har mest behov for. Er dei interesserte i gamle bilar og vil kjøpe seg ein eldre bil å mekke på, så anbefaler eg manuell, for det kjem til å finnast girbilar i mange år framover. Eg har faktisk fleire elevar no som får opplæring basert på automat, men så køyrer dei opp på manuell. Det er gjerne dei som har ei heilt spesiell interesse for bilar.